Regjeringa la torsdag 13.januar fram nye retningslinjer for smittevern i samband med Covid-19-pandemien. Idrettslaget har vore i kontakt med smittevernansvarlege i kommunen og fått fylgjande tilbakemelding:
- Barn og ungdom under 20 år kan trene fritt med kroppskontakt innandørs på tvers av kohortar. Ein ansvarleg vaksen syter for spriting av hender på veg inn og ut frå aktiviteten, fører liste over deltakarar(oppbevarar lista i 14 dagar) samt tek ansvar for reingjering av kontaktpunkt og utstyr etter treninga.
- Treningsformene volleyball, bordtennis og "Fleskeristartrimmen" vert rekna som treningsformer utan direkte nærkontakt og kan trene innandørs frå no av. Reglar for listeføring, spriting av hender og reingjering vert dei same som for barn og ungdom under 20 år. Hugs å halde avstand, max 20 deltakarar på kvar trening!
- Fotball for damer og old boys samt innebandy for begge kjønn vert rekna som idrettar med nærkontakt. Det vert ikkje gitt løyve for desse gruppene til å trene i gymsalen slik reglane no er. Det er likevel viktig å merke seg at trening utandørs er tillete, då under samme føresetnadar for smittevern som for dei som trenar innandørs.
Merk! Idrettslaget har ein avtale med skulen om lån av gymsal utan ekstra kostnadar så lenge vi gjer reint etter oss. Det betyr at det fortsatt er ein regel om at siste treningsgjeng kvar kveld SKAL reingjere golvet i gymsal etter bruk.
Nøkkel til gymsalen er no hos leiar i idrettslaget. Nøkkelen vert i løpet av helga plassert attende i nøkkelboksen. Alle som for tida har treningsansvar skal ha fått oppgitt koden og kan hente nøkkelen der.