1. november starta vintertrimsesongen opp att. Idrettslaget ynskjer å få flest mogeleg opp i fjellet, og har
av den grunn ein ekstra premiekonkurranse gåande samstundes. I år er utfordringa å komme seg 10 turar opp på Høgefjellet i løpet av vintertrimsesongen.
Når ein er på toppen registrerer ein seg anten på Georeg-appen eller ved å skrive seg i boka som ligg der.
Vinnaren vert trekt etter at sesongen er avslutta. Premien i år er eit gåvekort på kr 1000 hjå XXL.
Konkurransen er open for både barn og vaksne, men hugs at du må vere medlem i idrettslaget for å vere med i premietrekninga!
Lykke til!