I nokre døgn har det no vore voldsom aktivitet på Georeg si Facebook - side frå folk og idrettslag som har debattert den nye betalingsløysinga. Eit fåtal seier seg einige i den løysinga Georeg har presentert.
Langt dei fleste gjev uttrykk for at det må vere laga som betalar for bruken av systemet. Det er idrettslaga som har teke i bruk Georeg, og det er då rimeleg at betalinga fell på dei innanfor visse rammer. Det store fleirtalet er heilt imot ei abonnementsordning for privatpersonar.
Etter å ha helde hardt på sitt desse dagane, fekk idrettslaget i dag ein ny mail frå administratorane av Georeg. Det verkar her som dei no er opne for andre løysingar, og ber idrettslaga komme med løysingar. Her fylgjer siste e - post frå Georeg;
VIKTIG INFORMASJON - IGJEN!
På grunn av massiv motstand fra ledelsen i lagene som bruker GEOREG har vi bestemt oss for å sette brukerbetaling på pause. Vi vil nå sende ut melding til alle impliserte lag og be dem organisere seg og komme med et felles forslag til oss med finansiering for at GEOREG skal kunne fortsette.
Dere som allerede har betalt kan få refundert beløpene umiddelbart eller la de stå til 01.03. Dere vil uansett få pengene tilbake dersom ordningen blir finansiering fra de enkelte lagene (gratis for brukere). Send epost til med kontonummer (Vipps?) til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. for refundering.
Dette som info til alle dere som er på FB.
Eivindvik idrettslag tok stilling til alternative løysingar i telefonmøtet tidlegare i veka, og står i utgangspunktet fast på desse.
Halvor Elde har teke på seg å diskutere med andre lag som brukar systemet, og sjå om ein i fellesskap kan kome fram til ei løysing som Georeg aksepterar.
Viss ein kan oppnå semje om ei betalingsløysing, er det gode sjansar for at Eivindvik idrettslag fortset med Georeg.
Meir informasjon vert lagt ut fortløpande.