BLI MEDLEM: medlemskap.nif.no                              Trenings tider

Pin It

Georeg sende i slutten av januar ut eit skriv til alle idrettslag som abonnerar på tenesta dei tilbyr. Her informerte dei om fylgjande endring som vil kunne påverke kvar enkelt turgåar når han/ho registrerar seg på post:

Frå og med 1.mars vil forsøk på å registrere seg før ein er innanfor 100-metersgrensa rundt posten, medføre at alle brukarar av gratisversjonen "Georeg Lite" blir sperra frå å kunne registrere seg i dei påfylgjande 5-10 minutta(Også når dei er innanfor 100-metersgrensa.).

Her ser de eit direkte utdrag frå ovannemnde skriv:

Så til slutt en sak som må nevnes. Vi har en del Lite-brukere som «misbruker» systemet til å navigere mot en post. Vi ser ofte 15-20 forsøk på registrering med 1 minutts intervall der avstanden mot post er 120m, 125m, 117m, 110m etc. Dette belaster systemet unødig og kan derfor øke responstiden for andre. Vi vil derfor fra 1/3 innføre et system der Lite-brukere får en sperre på 5-10 minutt ved forsøk på registrering utenfor post.

 

Pro-brukere har selvfølgelig mulighet for å velge Navigere i slike situasjoner og vil derfor ikke bli berørt.

 

Idrettslaget er i utgansgspunktet motstandar av dette nye påfunnet, og ser det som eit forsøk på å få fleire av våre brukarar over på eit betalingsbasert abonnement. Vi har likevel ikkje noko vi skulle sagt, det er utviklarane av appen som styrer dette. 

 

Det viktigaste de som turgåarar og brukarar av Lite-varianten då gjer, er å forsikre dykk om at de er nær nok den aktuelle posten før de registrerar dykk. 

 

Viss nokre av dykk får problem etter at dette trer i kraft, set vi pris på om de kontaktar oss på mailadressa vår, Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. , og fortel kva problema består av. 

 

Eivindvik IL v/leiar Kjetil Rutledal 

Pin It

Vår Facebook

Plain Style

Test

Plain Style

Test

Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com