BLI MEDLEM: medlemskap.nif.no                              Trenings tider

Pin It

 

Den årvisse 1.mai-turen gjekk av ein eller annan grunn i gløymeboka for oss i idrettslaget i år. Det vart difor bestemt at vi i staden skulle invitere til fellestur Helgetorsdag, og at turen skulle gå til Sagefjellet.

 Været spelte heldigvis på lag med oss, og etter klokka 8 om morgonen kom det ikkje ein dråpe.

Vi parkerte bilane på utsida av Dingevegen ved startskiltet til turløypa og la i veg oppover. Yngste turgåar var 4 år, eldstemann var 78.

Løypa var litt våt etter nyleg nedbør og noko sein snøsmelting. I tillegg ligg jo denne løypa nordvendt, noko som gjer at ho tørkar litt seint opp. 

 

Fleire av dei yngste bevilga seg ein liten pause på veg oppover.

På toppen og litt før var det nokre tjern som ungane la sin elsk på.

Undervegs kommenterte turgåarane at været var perfekt for ein fjelltur, lettskya, lite vind og anledninga til å slå av ein prat var så absolutt til stades!

Vel oppe sette alle seg ned og tok opp nista si. Prat mellom dei vaksne, dei minste var snare til å aktivisere seg med leik og moro.

Etter maten løyste gruppa seg opp. Tre ungdommar gjekk over fjellet, via Oksebotn, Kjerringfjellet, Høgefjellet og til Eivindvik. Resten gjekk ned att til bilane sine. Tempoet varierte, men alle kom like heile og fornøgde ned att. 

Ein fantastisk flott dag!

Pin It

Vår Facebook

Plain Style

Test

Plain Style

Test

Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com