BLI MEDLEM: medlemskap.nif.no                              Trenings tider

Pin It

Sommaren velsigna oss med perfekte rammer for årets cup. Mellom 150 og 250 born og vaksne tok turen til Eivindvik stadion for å nyte finværet, gladfotball og det sosiale samværet ei slik turnering legg opp til. Sjå bilete i artikkelen!

Kampane gjekk på tre parallelle 5-arbaner på tvers av lengderetninga, med god plass til tilskodarar på alle sidene. Første runde starta kl 11, samtlege kampar vart dømt av lokale ungdommar som stilte velvillig opp for oss. 

Før og etter kamp var det obligatorisk handhelsing på motstandarlaget. 

Kampane varte 20 minutt utan sidebytte. Om eitt lag tok leiinga med 3 mål, fekk motstandarlaget sette innpå ein ekstra spelar. Om leiinga auka med nye tre mål kom endå ein ekstra spelar innpå. 

Sør-koreansk kvalitet sikrar actionbilete amerikanske mobilprodusentar må sjå langt etter.

Den gode, gamle kiosken vart åpna att etter mange års dvale. Trappa opp er ei utfordring for kven som helst, men salet av brus, is, pølser og vaflar gjekk strålande. 

Fleire lag stilte i like draktfargar, noko som betydde at vestane vart flittig brukt i varmen.

Dommarane hadde gode arbeidsforhold, all den tid banene var små og spelarane oppførte seg eksemplarisk.

God stemning mellom kampane!

Ikkje uventa vart tre timar fotball i meste laget for dei yngste.

Sekretariatet ved Eirik Høydal sytte for tidtaking, premieutdeling og generell praktisk info til spelarar og publikum.

Etter at dei avsluttande kampane var ferdige ca kl 13.25, var det premieutdeling til samtlege lag.

Lagbileta finn de under: 

 

1./2.klasse:

Eivindvik

Sandnes

Matre/Brekke

Hosteland

 

3./4.klasse

Matre/Brekke

Eivindvik I

Eivindvik II

 

I tillegg deltok og Hosteland/Nordbygda med eitt lag i 3./4.klasse. Vi har ikkje bilde av laget pr dags dato, men legg det inn så snart vi får det.

Pin It

Vår Facebook

Plain Style

Test

Plain Style

Test

Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com