Eivindvik idrettslag inviterer med dette bygdefolk i alle aldrar til Nissemarsj.
Marsjen går føre seg torsdag 26. desember kl 17, og startar ved buss-skuret i det store krysset ovanfor sjukeheimen i Eivindvik.
Marsjen går frå nemnde buss-skur, opp forbi Sigvald Kidøy, vidare til Rune Østerbø før ein tek til høgre og går sløyfa rundt Prestesundet og tilbake til start.
Vi vel denne løypa i år sidan det store fleirtalet av småborn bur i dette området.
Alle må hugse refleksvestar, faklar får de utdelt ved start.
Ved tilbakekomst til buss-skuret ventar det pepperkaker og kakao på alle.
Skulle veret skape store problem, vert marsjen flytta til ein annan dag i romjula på kort varsel. Føl med på nettsida eller Facebook for eventuelle endringar.
VEL MØTT!