Under leiing av Anne Refsdal og andre hjelpsame sjeler arrangerte idrettslaget i dag den tradisjonsrike Nissemarsjen.
Totalt stilte rundt 30 barn og vaksne opp til start. Alle som ville fekk utdelt faklar før marsjen starta rundt klokka 17. Løypa gjekk i år frå buss-skuret i krysset ovanfor sjukeheimen, om Øvre stølen og Prestesundet og tilbake til start. Vel attende venta Hannah Aurora Rutledal og Ida Helen Amdal med kakao og julekaker til alle. Dette fall sjølvsagt i smak, særleg blant dei minste deltakarane.
Idrettslaget takkar alle som var med å arrangere marsjen, og ikkje minst alle som tok seg tida til å gå denne tradisjonsrike romjulsturen med oss. Under ser du ein liten biletserie frå arrangementet:
Nissemarsj Bilete av deltakarar teke rett etter start http://www.eivindvikidrettslag.no/images/sampledata/Nissemarsj/IMG_08341001.jpg Hanna Ludzik og Noah Rutledal mellom dei yngste deltakarane http://www.eivindvikidrettslag.no/images/sampledata/Nissemarsj/IMG_08421.jpg Dei frivillige utdelarane av kakao og kaffi tok sjølvsagt ein selfie; Hannah Aurora Rutledal og Ida Helen Amdal http://www.eivindvikidrettslag.no/images/sampledata/Nissemarsj/IMG_78561.jpg Bilete frå startområdet, mange bar faklar http://www.eivindvikidrettslag.no/images/sampledata/Nissemarsj/Snapchat-412282808.jpg Stemningsbilete http://www.eivindvikidrettslag.no/images/sampledata/Nissemarsj/Snapchat-469420721.jpg Ein fin gjeng samla til kakao og julekaker etter marsjen. Frå venstre; Nina Rutledal, Torill Fosse og Bodil Håvåg. Nede frå venstre; Noah Rutledal og Edvard Håvåg Husevåg. http://www.eivindvikidrettslag.no/images/sampledata/Nissemarsj/Snapchat-775509256.jpg Brukbart oppmøte til årets marsj http://www.eivindvikidrettslag.no/images/sampledata/Nissemarsj/Snapchat-1261880840.jpg Asbjørn Refsdal med kakao i koppen og Thermodress. Rutinert. http://www.eivindvikidrettslag.no/images/sampledata/Nissemarsj/Snapchat-1737862895.jpg