Idrettslaget inviterte sundag 14.mars medlemane sine til digitalt årsmøte på Microsoft Teams - plattformen. Møtet vart annonsert på nettsida, på Facebook og med plakat på butikken.
Ikkje ein einaste medlem kobla seg opp, og årsmøtet gjekk difor av stabelen med kun eit fulltallig styre til stades i Rådsalen på kommunehuset.
Styret diskuterte om det ville vere mogeleg å fatte årsmøtevedtak utan andre deltakande medlemar, og leiar kontakta av den grunn Idrettskrinsen i Vestland 15.mars for å få dette avklara. Vi fekk då opplyst at eit årsmøte vil vere vedtaksdyktig så lenge minimum styret stiller opp.
Styret/årsmøtet gjekk gjennom saklista, herunder årsmeldingar for 2020, rekneskap for 2020 og val for 2021. Årsmøtet godkjente rekneskapen og alle kandidatane som stod på val. Kjetil Rutledal, som vart utnemnd til ny leiar då Vidar Bolstad måtte trekke seg, vart vald til leiar for dei komande to åra. Halvor Elde vart vald til ny nestleiar for same periode. Val - lista, årsmeldingane og rekneskapen vert lagt ut under Årsmøtearkiv - fana i løpet av denne veka.
Andre saker som stod på saklista:
1. Fjelltrimpremiering
Styret i trimgruppa har bestemt seg for at dei fordelar medaljar og andre premiar seg i mellom, og reiser frå hus til hus og deler dette ut. Meir informasjon om fjorårets fjelltrim finn ein i årsmeldinga frå trimgruppa som vert lagt ut under Årsmøtearkiv - fana i løpet av denne veka.
2. Renovering av Eivindvik stadion
Styret ynskjer å sjå om det er mogeleg å få "pussa opp att" idrettsbana til god standard. Vi har som målsetjing å kunne gje alle medlemane våre eit betre tilbod til å drive idrett, og ein forutsetning er då at vi kan tilby gode fasilitetar.
Styret ynskjer å få laga til to rundløpsbaner med kunstdekke rundt heile bana, fire sprintbaner på 110 meter med kunstdekke på vestsida av fotballbana, totalrenovere tennisbana med kunstdekke, totalrenovere lengdetilløp og grop samt totalrenovere kastsirkelen.
Årsmøtet vedtok å nedsette ei arbeidsgruppe på fire personar til å utgreie prosjektet og sjå om det er økonomisk forsvarleg å gjennomføre. Årsmøtet ga og arbeidsgruppa mandat til å velje best mogelege løysing for å få dette prosjektet i havn, heilt eller delvis. Leiar, kasserar og baneleiar vil mellom anna sitte i denne arbeidsgruppa.
Det vil i løpet av våren leggast ut ein meir detaljert artikkel kring dette prosjektet på heimesida. Her vil ein finne meir informasjon om kvalitetskrav for tildeling av spelemidlar, alternative løysingar om kostnadsnivået blir for høgt, estimerte prisar for utbygging og teikningar av prosjektet.
3. Nettsida vår
I løpet av april vil nettsida passere 100 000 visningar sidan starten. Leiar informerte om at ein her kan finne all tilgjengeleg informasjon frå idrettslaget, mellom anna treningstider, betalingsinformasjon ved teikning av medlemskap, fjelltrimlister, postansvarlege for fjelltrimpostane, kontaktinformasjon til styret, informasjon om prosjekt ein held på med eller har avslutta, informasjon om komande arrangement, kronologisk årsmøteinformasjon som val - lister eller rekneskap, biletseriar og videoar vi meiner er av allmenn interesse samt artiklar som omhandlar det vi driv med året rundt.
Leiar oppmoda alle om å bruke søkefunksjonen på nettsida for å finne fram til gamle artiklar. Her kan ein søke opp artiklar om til dømes Vassverket opp, fjelltrimlister for tidlegare år eller ein kan søke på namn om ein vil finne alle artiklane som omhandlar denne personen.
4. Frisbeegolf og ballbinge
Styret har vedteke å ferdigstille frisbeegolfbana og området utanfor ballbingen i løpet av våren. På frisbeegolfbana må vi lage til utkastpunkt for alle fangarane langs løypa, det må lagast og leggast ut kloppar i myra der slik at det er mogeleg å gå tørrskodd over, ein må bestille inn skikkelege skilt i staden for dei laminerte lappane som heng der no og det må ordnast til med ny postkasse og få festa denne skikkeleg ved starten av løypa.
Utanfor ballbingen trengs det å leggast på grus og singel for å jamne ut området, ein må feste og sette opp sklia og ein må invistere i nokre benkar slik at det går an å sette seg nedpå litt.
5. Medlemskontingenten forblir uendra frå i fjor, enkeltmedlemskap kostar kr 200, familiemedlemskap kostar kr 400.
Årsmøtet vart heva etter 1,5 time, kl 17.30