BLI MEDLEM: medlemskap.nif.no                              Trenings tider

Pin It

Etter tilbakemelding frå publikum gjer Eivindvik IL no enkelte endringar for å lette påmeldingsprosessen til Eivindvik Challenge 14.august. 

Påmelding kan no gjerast via sms til Kjetil Rutledal på tlf.nr 99263363. Meldinga må innehalde namn på begge deltakarane, lagnamn og om ein skal vere med på banketten om kvelden. 

Fristen for påmelding vert flytta til onsdag 11.august. Vi forstår det slik at enkelte vil avvente litt og sjå kva vær som meldast før ein tek stilling til om ein skal vere med på konkurransen. 

Dersom nokre av dykk gjerne vil delta men manglar lagkamerat/lagvenninne, kan de sende sms til før nevnte nummer(99263363) og gje beskjed om dette. Vi vil deretter sjå om vi får para dykk saman med andre i same situasjon slik at de og får ta del i konkurransen.

Vi stiller fortsatt krav om at alle deltakarar under 18 år har levert signert samtykkeskjema til oss før konkurransen startar. Link til samtykkeskjema, informasjon om konkurransen og banketten finn de her; 

 http://eivindvikidrettslag.no/index.php/98-andre-arrangement/349-eivindvik-challenge-gar-av-stabelen-14-august-viktig-info-om-konkurransen

 

Pin It

Vår Facebook

Plain Style

Test

Plain Style

Test

Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com