Laurdag 14.august var 22 lag samla til venskapeleg dyst i Eivindvik. I løpet av tre timar skulle laga gjennomføre så mange som mogeleg av 29 postar utplasserte i området mellom Mjåneset og Svaberget.
Veret vart langt betre enn frykta, god temperatur og berre ein halvtimes nedbør midt i konkurransen var til å leve med og vel så det.
Konkurransen var variert, og deltakarane kunne velge postar utfrå fysiske forutsetningar og om ein gjekk for gull eller berre ville ha nokre kjekke timar saman utan tanke på poengsummar. Post-kategoriane omhandla alt frå fjellgåing, klatring, symjing, padling, krabbing og dykking til draging av bildekk og pusling. I tillegg måtte ein sykle mellom postane.
Konkurransen vart gjennomført utan alvorlege uhell og skadar på deltakarane, men rykta fortel at det forekom både sykkelvelt, skrubbsår og gnagsår.
Premieutdeling i ungdomsklassane vart gjort rett etter målgang medan dei vaksne klassane fekk sine premiar på banketten om kvelden.
Idrettslaget har fått fantastiske tilbakemeldingar på konkurranseforma frå deltakarane, og vi har som mål å gjere dette til eit årleg arrangement.
Det vil verte lagt ut ein større biletserie frå konkurransen i ettertid. Alle innsendte svarbidrag i sjølve konkurransen vert redigert saman til ein video som skal leggast ut på Youtube-kanalen vår. Fotografar er Rune Fjæreide og Ivar Rutledal, ansvarleg for videoredigering er Kenneth Kidøy.
RESULTATLISTER:
KLASSE JENTER 13-18 ÅR:
1. Alette Leknes/Hannah Aurora Rutledal - Skulens stolthet - 102 poeng
KLASSE GUTAR 13-18 ÅR:
1. Jarle Leknes/Jakop Leknes - Team Perfection - 106 poeng
KLASSE KVINNER:
1. Anne-Britt Molde/Mona H. Midtun - Odd Lovers - 111 poeng
2. Reidun Huseby Vilsvik/Nina Kolås Rutledal - Fjellgeitene - 105 poeng
3. Linn Aurora Molde Oppedal/Ida Helen Bjelde - Bonnie and Clyde - 99 poeng
4. Marita Haugsdal/Anne Karin Derås Haugsdal - Nurse Power - 97 poeng
5. Sunniva Iren Molde Oppedal/Ellen Merethe Molde Oppedal - Team Shrimps - 94 poeng
6. Elisabeth Rahner/Julie Kvinge - Team Austrheim - 90 poeng
7. Anette Midtun/Anja Grindheim - Duracell-kaninene - 84 poeng
8. Bodil Håvåg/Ingrid Haugan - Revane - 73 poeng
9. Mia Brosvik/Merethe Haugsdal - Mia og tanta - 70 poeng
10. Elise Molde/Veslemøy Dingen - Queens of Fart - 69 poeng
11. Susan Norman/Dorthea Norman Bøe - Fjellsneglene - 65 poeng
12. Heidi Humlestøl Åsen/Leni Stensvoll - Team Florø - 54 poeng
KLASSE MENN:
1. Grim Haveland/Gaute Haveland - Familiens Ære - 123 poeng
2. Dagfinn Randal/Trond Erlend Sleire - Men in Black - 48 poeng
KLASSE MIX VAKSEN:
1. Marius Haugsdal/Vilde Marie Seim - Marius Gone Wilde - 112 poeng
2. Simen Norman/Maike Norman Bøe - Eivindvikings - 107 poeng
3. Ragnhild Undertun/Olav Sognefest - Holy Divers - 95 poeng
4. Erlend Kristiansen/Mina Oldervik - Instefjord Kebab - 84 poeng
5. Liselotte Norman/Pål Overdevest - Nordvest - 76 poeng
6. Stig Skauge/Silje Skauge - FIT2GO - 50 poeng
ÅRETS DELTAKARLAG:
Hannah Aurora Rutledal og Alette Leknes - Skulens stolthet
Jarle Leknes og Jakop Leknes - Team Perfection
Elisabeth Rahner og Julie Kvinge - Team Austrheim
Nina Kolås Rutledal og Reidun Huseby Vilsvik - Fjellgeitene
Ellen Merethe Molde Oppedal og Sunniva Iren Molde Oppedal - Team Shrimps
Heidi Humlestøl Åsen og Leni Stensvoll - Team Florø
Mona Haveland Midtun og Anne-Britt Molde - Odd Lovers
Elise Molde og Veslemøy Dingen - Queens of Fart
Anne Karin Derås Haugsdal og Marita Haugsdal - Nurse Power
Bodil Margrete Håvåg og Ingrid Haugan - Revane
Dorthea Norman Bøe og Susan Norman - Fjellsneglene
Linn Aurora Molde Oppedal og Ida Helen Bjelde - Bonnie and Clyde
Anette Midtun og Anja Grindheim - Duracell kaninene
Mia Brosvik og Merethe Haugsdal - Mia og tanta
Dagfinn Randal og Trond Erlend Sleire - Men in Black
Gaute Haveland og Grim Haveland - Familiens Ære
Simen Norman og Maike Norman Bøe - Eivindvikings
Olav Sognefest og Ragnhild Undertun - Holy Divers
Liselotte Norman og Pål Overdevest - Nordvest
Silje Skauge og Stig Skauge - FIT2GO
Marius Haugsdal og Vilde Marie Seim - Marius Gone Wilde
Mina Oldervik og Erlend Kristiansen - Instefjord Kebab