Totalt 11 ungdommar og vaksne trossa fandenivoldske værmeldingar og stilte til start på årets utgåve av Rosa sløyfe-løpet på Flolid. Biletserie i artikkelen!
Kvart år gjennomfører Rosa sløyfe-aksjonen "Rosa sløyfe-løpet" i dei største byane i Norge. Aksjonen set fokus på brystkreft blant både kvinner og menn, og løpet er med på å generere inntekter til denne viktige saka.
Som i fjor vart løpet gjennomført virtuelt, dvs at ein kan springe kvar ein vil i landet innanfor ein viss datointervall.
Deltakarane kan velge mellom to distansar, enten tre eller seks kilometer. Dei som ynskjer det, kan etter løpet registrere tida si på sida "rosasloyfe.no" og komme inn på dei nasjonale resultatlistene for løpet.
Av dei totalt 11 som deltok, sprang/gjekk 8 deltakarar løypa på 3 kilometer medan dei tre sprekaste sprang lengste distansen på 6 kilometer i aldeles nydeleg haustvær.
Når samtlege deltakarar var komne i mål vart det trekt flotte premiar mellom alle som var med.
Initiativtakar for løpet var i år som i fjor Anne Karin Derås Haveland.
Biletserien frå arrangementet finn de under, klikk på bileta for større bilete og tekst. Det kan ta ei tid før bileta dukkar opp i nettlesaren, her er det berre å ta tida til hjelp.
rosa sloyfe Frå venstre: Jonas Midtun,Jarle Leknes,Alette Leknes,Hannah A. Rutledal,Anne Karin Derås Haveland,Grim Haveland,Nina Rutledal,Anita Pettersen,Ronny Ingebrigtsen og Tor Njøten. Ann Norunn Leknes deltok og, men var ikkje til stades på biletet http://www.eivindvikidrettslag.no/images/sampledata/rosasloyfe1/r_1.jpg Roleg passgang ut frå start http://www.eivindvikidrettslag.no/images/sampledata/rosasloyfe1/r_2.jpg Teten på veg tilbake frå Verpetuppen http://www.eivindvikidrettslag.no/images/sampledata/rosasloyfe1/r_3.jpg Jarle Leknes i front blant herrane http://www.eivindvikidrettslag.no/images/sampledata/rosasloyfe1/r_4.jpg Grim Haveland hakk i hel http://www.eivindvikidrettslag.no/images/sampledata/rosasloyfe1/r_5.jpg Jonas Midtun med utsøkt løpsteknikk, dette er nett som å sjå faren springe http://www.eivindvikidrettslag.no/images/sampledata/rosasloyfe1/r_6.jpg Alette Leknes fremst av kvinnene http://www.eivindvikidrettslag.no/images/sampledata/rosasloyfe1/r_7.jpg Mor Ann Norunn Leknes jaktar på ungane sine http://www.eivindvikidrettslag.no/images/sampledata/rosasloyfe1/r_8.jpg Tor Njøten framviser pågangsmot og stor løpsglede http://www.eivindvikidrettslag.no/images/sampledata/rosasloyfe1/r_9.jpg Anne Karin Derås Haveland med begge tomlane i været etter vel halvgått løp http://www.eivindvikidrettslag.no/images/sampledata/rosasloyfe1/r_10.jpg Nina Rutledal, Hannah Aurora Rutledal og Ronny Ingebrigtsen dei tre einaste som la i veg på 6 kilometers-løypa http://www.eivindvikidrettslag.no/images/sampledata/rosasloyfe1/r_11.jpg Ryggen på Jonas i det han nærmar seg målstreken http://www.eivindvikidrettslag.no/images/sampledata/rosasloyfe1/r_12.jpg Mor og dotter i gang med andre sløyfa http://www.eivindvikidrettslag.no/images/sampledata/rosasloyfe1/r_13.jpg Ungdommen kom først i mål http://www.eivindvikidrettslag.no/images/sampledata/rosasloyfe1/r_14.jpg Tor legg inn eit ekstra gir på oppløpssida http://www.eivindvikidrettslag.no/images/sampledata/rosasloyfe1/r_15.jpg Ann Norunn starta forsiktig, men det gjekk fortare og fortare mot slutten http://www.eivindvikidrettslag.no/images/sampledata/rosasloyfe1/r_16.jpg Etter tidleg målgang slo Tor følge med Anita Pettersen dei siste meterane http://www.eivindvikidrettslag.no/images/sampledata/rosasloyfe1/r_17.jpg Ronny Ingebrigtsen i bakkant av biletet, heiagjengen langs løypa vart større og større etter kvart som folk gjekk i mål http://www.eivindvikidrettslag.no/images/sampledata/rosasloyfe1/r_18.jpg Berre nokre få hundre meter att http://www.eivindvikidrettslag.no/images/sampledata/rosasloyfe1/r_19.jpg Hunden Frøya har fått ferten av familie http://www.eivindvikidrettslag.no/images/sampledata/rosasloyfe1/r_20.jpg Anne Karin mot mål, Noah på 5 år får vere med på innspurten http://www.eivindvikidrettslag.no/images/sampledata/rosasloyfe1/r_21.jpg Då ventar ein berre på dei siste tre deltakarane http://www.eivindvikidrettslag.no/images/sampledata/rosasloyfe1/r_22.jpg Sykling og hundepass, nokre har viktigare ting fore enn å følge innspurten av løpet http://www.eivindvikidrettslag.no/images/sampledata/rosasloyfe1/r_23.jpg Berre ei lita sløyfe til... http://www.eivindvikidrettslag.no/images/sampledata/rosasloyfe1/r_24.jpg Ronny sprintar i mål http://www.eivindvikidrettslag.no/images/sampledata/rosasloyfe1/r_25.jpg Nina og Hannah fullfører sine seks kilometer med stil http://www.eivindvikidrettslag.no/images/sampledata/rosasloyfe1/r_26.jpg Bøy og tøy? http://www.eivindvikidrettslag.no/images/sampledata/rosasloyfe1/r_27.jpg Premiebordet var bugnande http://www.eivindvikidrettslag.no/images/sampledata/rosasloyfe1/r_28.jpg Arrangementet avrundast og folk dreg kvar til sitt http://www.eivindvikidrettslag.no/images/sampledata/rosasloyfe1/r_29.jpg