Den tradisjonsrike Nissemarsjen går i år av stabelen 3.juledag kl 18. Start- og målområde vert som tidlegare ved buss-skuret i krysset nedanfor Rolf Bjelde sitt hus.
Alle som ynskjer får utdelt faklar ein tek med seg på marsjen, dette skapar ein fantastisk stemning. Ruta går frå buss-skuret via Øvre Stølen, rundt Prestesundet og attende til buss-skuret.
Vel tilbake er det utdeling av pepperkaker, saft eller kakao til dei som ynskjer. Kanskje får ein og anledning til å slå av ein prat med andre turgåarar?
Arrangementet er godkjent av kommunelege Anita Pettersen.
Vel møtt!