Totalt 25 små og store tok sjansen på å gå ut i kulda og vere med på årets Nissemarsj. Løypa gjekk som tidlegare om Øvre Stølen, via Prestesundet og tilbake til buss-skuret nedanfor Rolf Bjelde sitt hus.
Etter endt marsj venta det pepperkaker og rykande varm kakao for dei som hadde lyst på det. Tusen takk til alle som deltok og gjorde dette til ei kjekk oppleving for både ung og gammal.
Under ser de nokre "blinkskot" frå marsjen:
Deltakarane samla før avgang
Nokre av dei minste nytta ventetida til litt klatring
Toget la i veg i samla tropp
Hedda og Jenny Palmer Håvåg tok jobben med å servere pepperkaker og kakao etter marsjen.
Undervegs i marsjen, her i Øvre Stølen
Turfølget i det dei går nedover Prestesundet retning hovudvegen
Som tidlegare år er det dei yngste som kryssar målstreken først
Deretter var det ein jamn strøm av deltakarar som ankom målområdet
Anne Britt Molde og yngstemann Viljar danna baktroppen
Nokre sette seg rett ned etter målgang, andre gjekk til buss-skuret og fekk seg kakao og pepperkaker
Trym Palmer Håvåg og Sara Svidal slo seg ned på ein benk for å nyte den varme drikken sin
Line Restad, Suzanne Bauge og vesle Teodor slo av ein passiar etter endt marsj
Terje Revheim Refsdal inntok kakaoen ståande og gåande
Etter ei tid fekk Trym og Sara selskap av Frøya Palmer Håvåg og Edvard Håvåg Husevåg på benken
Praten satt laust og stemninga var god. 2 liter kakao og ein boks pepperkaker gjekk med før deltakarane rusla kvar til sitt