BLI MEDLEM: medlemskap.nif.no                              Trenings tider

Pin It

Heile 11 løparar frå klubben stilte på startstreken i flott løpsvær forrige helg. Sju stilte opp i halvmaraton-klassen, fire løparar sprang 5 kilometer. Som vanleg var hovudvekta av deltakarar påmeldt i kvinneklassen.

 

Løparane som deltok på halvmaraton starta og avslutta på Bryggen. 5-kilometersløpet starta i Nygårdsparken og avslutta på Bryggen.

Buekorpset hadde tatt oppstilling og sørga for god stemning langs løypa.

Det var trangt om plassen, totalt deltok over 9400 løparar. 

På halvmaratondistansen kom tre løparar seg under 2 timar, raskast var Kiri Lovise Njøten som sprang i mål på 1 time, 36 minutt og 17 sekund. Raskast av våre på 5-kilometeren var Hannah Aurora Rutledal, ho fullførte på 24 minutt og 2 sekund. 

Vel i mål vanka det bollar, bananer og noko å sløkke tørsten med til samtlege deltakarar. Dette fall i smak hjå trekløveret på biletet.

Komplette resultatlister finn de her: https://live.ultimate.dk/desktop/front/index.php?eventid=5403 

Pin It

Vår Facebook

Plain Style

Test

Plain Style

Test

Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com