Idrettslaget ynskjer å få ferdigstilt frisbeegolf-bana no i vår. Vi treng DI hjelp for å komme i mål. Ta med deg grapse, spade, jernrive og ei god bøtte og møt opp kl 10 søndag 23/4. Kva som må gjerast ser du lenger nede i artikkelen.
Planen for dagen er å ordne utkastpunkta, dvs at vi rettar av underlaget, legg ned ferdigbygde kassar og fyller dei med singel. På utkastpunkt som ligg i veikanten må og dreneringsrør leggast under for at vatnet skal få passasje.
I tillegg skal vi fjerne kratt som veks mellom utkastpunkta og korgene, dette for å lette framkomsten.
Planen er med tida å få sett opp eit klassisk postkassestativ i starten av løypa der ein festar løypekart og postkasse til frisbeear. Vi lyt difor og planere/jamne ut, gruslegge og pynte til området der stativet skal stå.
Viss det vert massar attende etter at frisbeegolf-bana har fått sitt, ynskjer vi å legge resterande massar i starten av turstien som går frå Karibenken mot Rimmane, Dagsturhytta og dei andre postane våre i same området. Det første partiet av stien, før stigningane startar, er ofte svært fuktig og vanskeleg å gå tørrskodd gjennom. Får vi fylt opp dette området med grus og singel, trur vi det vil gjere mange si turoppleving mykje betre!
Asbjørn Refsdal vert dugnadsansvarleg, ved spørsmål kan han kontaktast på tlf 97578702.
Det vil verte servert kaffi, brus og noko søtt å bite i undervegs.
Hjelp oss å gjere bygda vår enno meir eineståande!!