Sigerspallen vart tapetsert med glade lag kort tid etter målgang. Biletkvaliteten er noko kornete, vi beklagar dette.
Dameklassen
Til høgre i biletet, på 3.plass, enda "Midt under Vatn" beståande av Una Prestegaard og Ragnhild Undertun.
På 2.plass kom "Fjellgeitene", med Mathilde Håvåg Wergeland og Emma Karoline Rutledal.
Vinnarar vart "Søstrene Langstrømpe". Laget besto av Nina Kolås Rutledal og Maike Norman Bøe.
Herreklassen
På 3.plass i herreklassen kom "Hingstane", med Isak Svaberg og Aron Shanker.
2.plassen gjekk til laget med det klingande namnet "Det var nesten, Gaute og Grim". Laget besto av Erlend Kristiansen og Marius Haugsdal.
Førsteplassen i herreklassen gjekk som i fjor til Grim og Gaute Haveland, i år med lagnamnet "Gutta Boys".
Mix-klassen
3.plass i mix-klassen gjekk til overraskelseslaget "Fiskarbonden", beståande av Trond Molde og Hilde Bøe.
2.plassen vart vunnen av "Pappas utkommanderte", der far Olav Sognefest hadde kommandert med seg dottera Elise.
Vinnarar her vart Hannah Aurora Rutledal og Sivert Kvamsdal Håvåg, alias "Trenger en ferie".
Kostymeprisen
Den gjeve premiepallen i "Beste kostyme"-kategorien besto av fylgjande lag:
3.plass: "Royal Revenge". Elise Molde og Veslemøy Dingen.
2.plass: "Søstrene Langstrømpe". Maike Norman Bøe og Nina Kolås Rutledal.
1.plass: "Ho sa og Hansa". Anne-Britt Molde og Reidun Huseby Vilsvik.