Turn-interessa blant dei yngste har alltid vore stor. Vi tilbyr no ei enkel, grunnleggande opplæring for dei som er mellom 3-4 år(fødd i 2020) og dei som no går i 2.klasse. Finn meir info under:
Treningsstad: Gymsalen på Eivindvik skule
Når: Måndagar i veke 10, 11 og 12 kl 16.45-17.30.
Trenar: Una Prestegaard, assistert av Alissa, Frøya og Jenni(5.klassingar)
Øvelsar vert tilpassa alderen på dei som møter opp, målet er mellom anna å vere innom felta koordinasjon, balanse, stupe kråke, slå hjul og handståande.
Føresette blir med borna sine på trening om det er behov.
Spørsmål kring opplegget eller ynskje om å "melde på" born kan rettast til Una på tlf 91741914.
Vel møtt til første trening måndag 4.mars kl 16.45!