Pin It

Her kjem ei lita oppdatering på kva som skjer i samband med betalingsløysing Georeg

Administratorane har i dag ikkje gitt lyd frå seg til idrettslaga.

Dei føreslo i går at laga gjekk saman for å komme fram til ei felles løysing alle kunne akseptere. 

Bremanger sin styrerepresentant vart anbefalt som den som kunne stå for organiseringa. Dette har så langt ikkje skjedd.

 

Eivindvik idrettslag ved Halvor Elde planlegg difor i kveld å kontakte idrettslaga i Brekke, Dalsøyra og på Byrknes/i øyane. Alle desse tre laga brukar Georeg. Vi tenkjer at viss vi fire laga herfrå kjem fram til ei løysing alle kan godta, kan Halvor ta det med seg vidare i diskusjonar med andre lag eller evt Georeg.

Vi i EIL tenkjer fortsatt at einaste løysing er at laget betalar all kontingent/avgift, og vi har fortsatt kr 5 000/år som ei maks - grense.

Det er i skrivande stund rundt 35 idrettslag som nyttar Georeg landet rundt, så dei fire laga her i kommunen utgjer over 10% av medlemsmassen. 

 

Vi kjem attende med nye opplysningar etter kvart som noko skjer.

Pin It
Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com