Pin It

Idrettslaga tilknytta Georeg, har under overoppsyn av Bremanger IL sin representant, den siste veka arbeidd med å verte enige om ei høveleg årsavgift for bruk av Georeg - systemet. 

Bremanger IL føreslo i diskusjonane ei årsavgift pr lag på kr 3225, dette vil utgjere totalt kr 100 000 i årlege inntekter til Georeg om alle noverande lag går med på ein slik avtale. Om fleire lag nyttar systemet aukar inntekta til administratorane. 

Eivindvik IL har diskutert denne summen med dei andre idrettslaga i kommunen, og vi er einige om at dette er ein sum vi kan leve med. Halvor Elde har sendt mail til Bremanger IL og informert om dette. 

I sosiale media verkar denne summen å verte akseptert av stort sett alle noverande brukarar, ikkje berre her lokalt. Eivindvik IL har ikkje høyrd noko om at forslaget er sendt vidare til Georeg, og reknar difor med at dette vert gjort dei næraste dagane. Fristen for å komme fram til ein avtale er 1.mars, så det kan fortsatt ta litt tid før ein veit noko meir konkret om utfallet. 

 

Samstundes med dette verkar det som om Georeg - gjengen jobbar med eit opplegg der ein vil forsøke å få lokale sponsorar til å betale for reklameplass på appen. Her er eit innlegg dei la ut på Facebook for ein dag eller to sidan;

"En ny versjon av Georeg er nå til godkjenning i Google Play/Apple Store. Den vil mest sannsynlig bli tilgjengelig i løpet av natta. Versjonsnummeret er v1.14.
Nytt i denne utgaven er mulighet for lokal reklame/profilering. Avhengig av hvilken kommune en befinner seg i vil en, i stedet for banneret som tidligere har vært felles for alle i hele landet, få opp lokale bannere/annonser. Nå i første omgang består det av en plakat med kommunenavnet eller et kommunevåpen. Hensikten er at lokale sponsorer eller annonsører nå kan profilere seg 100% i Georeg.
Siden vi som utvikler systemet ikke kan dra land og strand rundt for å teste hadde det vært fin om dere som brukere kunne rapportere her hva dere ser. Følgende kommuner er nå klargjort,
  • Bremanger
  • Gloppen
  • Gulen
  • Herøy (M&R)
  • Holmestrand
  • Høyanger
  • Kinn
  • Lillestrøm
  • Lørenskog
  • Sande
  • Sigdal
  • Sogndal
  • Stad
  • Stryn
  • Ullensvang
  • Vanylven
  • Volda
  • Ørsta
  • Ålesund
Nye kommuner legges enkelt til hvis behovet melder seg."

I det ein startar opp appen i dag, får alle opp same reklamen uansett kvar dei registrerar seg i landet. Her verkar det som om dei vil lage til eit system der til dømes alle som nyttar appen i Gulen, får opp reklame for Halsvik Aggregates når dei opnar den. Dei vil då truleg kunne krevje betaling frå fleire firma i tillegg til medlemspengane dei får frå idrettslaga. Alternativt er det kanskje planen å ta ei høgare årsavgift frå laga, og la laga sjølve skaffe sponsorar for å redusere utgiftene? 

Avsnittet over er tankar idrettslaget gjer seg rundt dette, og kan sjølvsagt vere eit stykke frå sanninga. 

Det kan og nemnast at det er lagt ut ein ny versjon/ei oppdatering av appen på telefonen. Dette verkar ved første augekast å vere ei oppgradering til glede for mange brukarar. Her må ein berre teste det ut og sjå kva ein synest.

Pin It
Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com