Pin It

Idrettslaget avsluttar all bruk av Georeg sitt digitale teljesystem 12. mars. 

Georeg har gitt beskjed om at kvart enkelt medlem må betale for bruk av appen frå 14.mars. Idrettslaget vel å avslutte to dagar før for å vere sikker på at ein får henta ut all relevant informasjon i god tid, og at ingen poeng forsvinn/går tapt i avslutningsfasen. 

Ein vil altså ikkje få registrert poenga ein oppnår etter 12. mars med mindre ein skriv seg i bøkene. 

Idrettslaget beklagar på det sterkaste, men ser dette som einaste alternativ all den tid Georeg ikkje er villige til å fire på kravet om brukarbetaling.

Det har vorte jobba intensivt frå styret for å finne eit alternativ til Georeg, og vi kan med glede fortelje at det ser ut som vi har kome opp med ei fullgod løysing. 

På årsmøtet 8. mars vil desse planane verte presenterte for medlemane. 

Pin It
Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com