Pin It

Styret vedtok einstemmig å seie opp Georeg - abonnementet grunna krav om brukarbetaling tidlegare i vinter. Etur, eit liknande

system under planlegging, vart vald som laget sitt nye, digitale teljesystem frå 1.mai.

Etur var eit prosjekt der Halvor Elde og Daniel Kvernøy ville tilby idrettslag eit teljesystem utan nokon form for brukarbetaling, og til ein låg, årleg kostnad for idrettslaga(kr 3000.).

Denne veka mottok Halvor Elde, idrettslaget sin superbrukar og kontaktperson ovanfor Georeg, ein ny mail fra opphavsmennene. I denne mailen kjem det fram at Georeg vil komme med ei LITE - utgåve av appen, og at denne vil vere utan krav om brukarbetaling frå enkeltpersonar. Dei krev kun kr 1000 pr år frå idrettslaga, det same vi har betalt før. Appen vil vere utan alle tilleggstenester som pr no ligg inne i dagens app, og kun innehalde knappen for registrering på postane. 

Appen vil sjå ut som i dag fram til 15. mars, deretter vil den automatisk endrast til LITE - appen om ein brukar den utan å ha betalt brukarbetalinga.

I tillegg har eigarane av Georeg fått tilbakemeldingar på at ikkje alle synast det er like kjekt at kven som helst kan sjå kor mange poeng kvar einskild har, eller kor ofte den enkelte er på fjellet. Dei har av den grunn lagt inn eit alternativ om at ein kan vere anonym på listene. Om ein loggar seg på nettsida georeg.no, held markøren over START og går til MINE INNSTILLINGER, kan ein velje å vere anonym. Pr no ser det ut til at ein må sende ein e-post for å gjere dette, mogeleg det kjem eit lettare alternativ etter kvart.

 

Idrettslaget har fått melding frå Halvor Elde om at dei fleste av idrettslaga som hadde sagt seg villige til å nytte ETUR - systemet no har trekt seg. Kun Eivindvik IL og eitt lag til var fortsatt interesserte. Av den grunn ser Halvor og Daniel seg dessverre nøydde til å droppe planane om ETUR. Kostnadane ved oppstart/kjøp hadde vorte altfor høge, og det hadde vorte umogeleg å tene inn att alle utlegga ein hadde hatt. 

Etter ein telefonrunde blant alle styremedlemene i dag, bestemte styret seg difor einstemmig  for å fortsette å bruke Georeg. Alle brukarar kan no velje sjølv om ein vil bruke LITE - versjonen, eller om ein vil betale dei kronene det kostar for å bli PRO - medlem. LITE - versjonen bør vere rikeleg for alle, all den tid ein er kjent i fjella og kun brukar appen til å registrere poenga sine.

 

Idrettslaget beklagar sterkt all vinglinga og usikkerheita medlemene har opplevd i samband med val av digitalt teljesystem. Dette har vore ei særs vanskeleg sak for styret, men grunntanken har heile tida vore at vi ikkje vil belaste medlemene med ekstra utgifter i tillegg til kontingent.  Ein må vel og kunne seie at Georeg - administratorane kunne ha høyrd på idrettslaga for lenge sidan, så hadde ein unngått dette. 

Idrettslaget lovar samstundes at om Georeg vil starte opp med brukarbetaling for LITE - versjonen ein gang i framtida, så vil reaksjonen vår vere den same som denne gang.

 

For Eivindvik Idrettslag

Kjetil Rutledal

Nestleiar

 

PS!

Under ser de Georeg - administratorane sitt Facebook - innlegg der dei informerar om LITE - versjonen;

Gladnyhet til alle dere som er imot brukerbetaling! Vi lanserer nå «GEOREG lite» som vil være fullstendig gratis for brukere. Samtidig beholder vi dagens versjon som en «GEOREG pro». Begge er egentlig samme app, men ved oppstart vil appen konferere med server om det finnes et gyldig pro-abonnement og da åpne alle de nye funksjonene som er implementert for enkelt å kunne navigere til postene.

Lite-versjonen har kun REGISTRERE-knappen aktiv. Er man ikke på post får man en enkel beskjed i retur: «Du er 220m fra nærmeste post».

Vi håper dette kan være et godt alternativ for de lagene som har meldt seg av Georeg fordi de prinsipielt er mot brukerbetaling. Vi respekterer selvsagt det prinsippet, men det gir oss ikke mye retur på nedlagte timer. Derfor ønsker vi nå disse lagene velkommen tilbake med en gratis-versjon av Georeg. Vi er likevel ganske sikre på at de fleste vil foretrekke pro-versjonen med alle de ekstra finesser den gir.

Alle er nå pro-brukere frem til 15.03. De som ikke har betalt årskontingenten vil da gå over til å bli lite-brukere. De som har betalt fortsetter selvsagt som pro-brukere.

Postene til de lagene som ikke ønsker å fortsette vil fortsatt være åpne for registrering etter 15.03 og inntil videre.

Så får vi håpe at flest mulig får nytte og glede av Georeg fremover. Vi i teamet beklager litt mye frem-og-tilbake den siste tiden, men mener nå vi har en god løsning som de fleste vil kunne leve med.

Pin It
Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com