Pin It

Det viser seg at den gamle steinbrua øverst oppe i bakken ovanfor Vassverket har fått ein skade i løpet av vinteren. På austsida av brua, ned mot Eivindvik, har det kome eit hol rett ved steinhella ein går over.

Det kan virke som noko har løsna her, kanskje ein stein, for deretter å forsvinne i vatnet. 

Vi har vore fleire oppe og vurdert skaden, men det ser ikkje ut til at den har innverknad på stabiliteten eller bæreevna til brua.

Om ein har born med seg på tur, er det likevel fare for at ein barnesko kan smette ned i holet og foten kan i verste fall sette seg fast.

Idrettslaget vil prøve å få tetta igjen holet i løpet av våren.

Pin It
Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com