Då har idrettslaget fått på plass forbodsskilta mot bilkøyring inn på turstiane våre. Det er nokre få unntak frå forbodet, dette gjeld:
- Grunneigarar som allereie har ein avtale med idrettslaget om innkøyring på stiane grunna skogsarbeid/vedhenting,
- Maskiner som skal inn på stiane for å utføre vedlikehald eller utbetring av stiar eller området rundt. Dette skal godkjennast av idrettslaget på førehand.
- Utrykningskøyretøy som treng tilgang grunna pasienthenting eller liknande.
Idrettslaget vonar alle andre som vil nytte dei flotte stiane våre gjer dette til fots.