49 bygdefolk i alle aldrar og to firbeinte følgjesveinar deltok på årets utgåve av Nissemarsjen. Dette må seiast å vere særs bra oppmøte etter at marsjen vart flytta frå torsdag til laurdag på kort varsel.
Til stor glede for arrangørstaben valde svært mange å gå med fakkel i år, noko som skapte ein heilt spesiell stemning undervegs.
Deltakarane spreidde seg raskt utover løypa, dei litt større ungane tok teten medan rutinerte småbornsforeldre danna baktroppen.
Ein og annan fakkel gjekk i bakken undervegs, til stor fascinasjon for dei litt yngre.
Andre heldt tunga beint i munnen og konsentrasjonen oppe gjennom heile løypa.
To vel oppfinnsame gutar lagde seg bål på ei steinhelle ved hjelp av faklane.
Etter kvart som marsj-deltakarane returnerte til stårtområdet vanka det kakao og pepperkaker på alle som ville ha. Det vart og tid til litt småprat og/eller leik før folk gjekk kvar til sitt.
Vel møtt til ny nissemarsj i romjula neste år!