EIL mottok i år kr 5 000 frå Gulen kommune til innkjøp av ryddeutstyr. Om nokre av dykk vil hjelpe oss med rydding av stiar i området, kan maskina på biletet lånast ut. Den står hos Gunn Birknes, kontakt ho på tlf 48 21 90 20 om de vil hjelpe til!
Ole Indrebø har teke på seg å renovere Bukkene Bruse- brua mellom Vassverket og Rimmane. I den samanheng treng han hjelp til å få materialen opp. Han og Gunn har bore alt til krysset Dagsturhytta/Rimmane. Kan nokon bære det vidare bort/opp til brua snarast? Oppboren material kan leggast fint attmed materialen som allereie ligg der.
Ole Indrebø og Gunn Birknes har i juni erstatta den gamle "Bukkene Bruse"- brua mellom Vassverket og Rimmane med ei splitter ny bru! Idrettslaget takkar så mykje for dugnadsarbeidet! Takk og til dei som var med og bar materialen på plass!
Totalt 73 personar greidde poengkravet i årets vintertrim. Nytt av året er at diplomar heretter kun vert delt ut til dei som har klart kravet og er i aldersgruppa 0 år t.o.m. 10.klasse. Sjå vinnarar av ekstrakonkurransane inni artikkelen!
Les meir: Seint men godt; Her er vinnarane av vintertrimmen sine ekstrakonkurransar!