Pin It

Turstien mellom sjukeheimen og Haugane er enno ikkje godkjent av Statsforvaltaren grunna misnøye med utforminga av området der stien går gjennom steinmuren på Haugane.

Før denne løysinga vert godkjent får heller ikkje idrettslaget utbetalt tippemidlane ein har søkt om for prosjektet.

Etter forrige avslag og retningslinjer for korleis dette området bør sjå ut, vart det i dag på nytt gjort ein innsats for å utbetre området til ein standard som tilfredsstiller alle krav. Gulen kommujne har vore med i planarbeidet.

Vegen har igjen vorte justert og mold har blitt lagt inn mot den nye muren.

Etter denne nye justeringa vil idrettslaget igjen søke om ferdigattest. Vi kryssar alt vi har og håpar på positive attendemeldingar slik at "Prosjekt tursti" endeleg kan avsluttast.

Pin It
Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com