Oppdatert informasjon ballbinge

På oppdrag frå saniteten og idrettslaget har Sindre Indrebø, med litt hjelp(kanskje av nær familie?), bygd og beisa ferdig to benkesett med bord som skal stå ved Stølsløkka ballbinge. Idrettslaget takkar Eivindvik Gulen Sanitetslag for den flotte gåva, og vi vonar benkane fell i smak blant alle føresette som no kan få kvilt beina litt medan avkommet spinn rundt på kunstgraset. 

I dag fekk idrettslaget levert 17 tonn singel og 13 tonn grus til bruk rundt ballbingen og i frisbeegolfområdet. Noko singel skal og nyttast i våte stiparti rett ovanfor Karibenken. Idrettslaget planlegg dugnadsarbeid på desse anlegga i løpet

LAURDAG 12.OKTOBER KL 15 INVITERER IDRETTSLAGET ALLE SOM VIL TIL OFFISIELL OPNING AV DEN NYE BALLBINGEN I EIVINDVIK

12. oktober vart endeleg Stølsløkka ballbinge offisielt opna i Prestesundet bustadfelt. Kommunen har lenge hatt opparbeiding av ballbinge i Eivindvik på planen sin for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv.

Etter ein knallhard avstemmingsrunde på Facebook er resultatet no klart;

Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com