Pin It

Denne veka starta arbeidet med å utbetre den gamle "naturleikeplassen" på oppsida av Krossteigen.

I den opprinnelege spelemiddelsøknaden for prosjekt "Prestegardsstien del 2", som går mellom Gulen sjukeheim og Haugane, er bygging av gapahuk og tilhøyrande grill inkludert i planane.

Gapahuken vert bygd på ei støypt plate, har torvtak og innvendige benkar langs sidene. Utanfor vert det eit ope område med ein stor, solid grill plassert sentralt.

Prosjektet er kostnadsrekna til rett i overkant av kr 100 000. Eivindvik IL går inn med kr 20 000 i eigenkapital, resten vert dekka av Sparebankstiftinga, Gulen kommune, lokale lag og organisasjonar samt private aktørar i Eivindvik.

På biletet over ser ein at tomta no på det næraste er klargjort til støyping av plate. Etter planen skal montering av gapahuk starte i veke 18 og legging av torvtak skjer i veke 19 om alt klaffar.

Pin It
Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com