Det går fort i svingane, og dugnadsinnsatsen er formidabel i bygda. Laurdag 24. april vart plata til den nye gapahuken som skal stå på "naturleikeplassen" støypt.
Dugnaden vart gjort på gamlemåten, med trilling og bæring av grus/betong og blandar på staden.
Dei 8 frivillige i arbeidsgjengen var: Dagfinn Randal, Steffen Svidal, Gunnar Borg Bøe, Rune Østerbø, Håvard Indrebø, Pål Overdevest, Atle Håvåg og Asbjørn Refsdal.
Gapahuken kjem 4.mai kl 12, og skal monterast i løpet av eit par dagar.
Vi gler oss!