Fyst i januar starta entreprenør Roy Nerdal i terrenget med turstien etter å ha laga klart eit steinuttak i sollibotn ved å skyte ut ei 2 måls tomt.
I dag fredag har ein produsert ca 600 meter med veg.
Før januar e omme e turstien som går frå Sollibotn til stølen ferdig lagt ut. Så gjenstår det å legge ned dreneringsrør, pynte til og gruse den.
Hovedutvalet for kultur og næring ga oss 30 mai ei tildeling på 1 million til turstien vår.
I skrivande stund har vi tilsagn på kr. 2 320 000,-, og manglar kr. 120 000,-.
Vi har framleis nokre søknadar ute, som vi ventar svar på. Desse midlane har vi garanti for.
Dersom private ynskjer å støtte prosjektet vår, kan ein framleis betale 500,-/ meter J
Kontonummer: 3705.31.70812, hugs å merk innbetalinga med namn!