Eivindvik IL har inngått avtale med Gulen kommune om å rydde området mellom Krossteigen og Haugane for skog. Vi arrangerer dugnad kommande laurdag(5.april) frå kl 10. Oppmøte ved parkeringsplassen utanfor kommunehuset. Ta med motorsag, handsag, ryddesaks eller anna relevant utstyr om du har. Greiner skal og matast i flisekuttar.
I dag startar idrettslaget opp att med sommartrimmen. Georeg vert nullstilt og alle startar med blanke ark. Som tidlegare legg vi opp til ekstrakonkurransar med vinnarsjansar for å motivere litt ekstra, sjå krava nedanfor:
Totalt 24 små og store medlemmar møtte opp på årsmøtet til idrettslaget i dag. Under får de ei kort oppsummering av viktige saker som vart drøfta:
Vi minner om at sommartrimmen startar opp 1.april. No har de ein siste sjanse til å sikre dykk nødvendige poeng i årets vintertrimkonkurranse(Viser til konkurransen som vart publisert i haust.). Ekstrakonkurransar i sommartrimmen vert annonsert etter årsmøtet 30.april.
Årsmøtet vert avhelde på Norsksenteret ved Eivindvik skule. Lokalet ligg i kjellaren, inngangen er på motsett side av inngangsdøra til mediateket. Ein bingorunde for born, ein for vaksne. Gratis kaffi,saft og kaker.
Grunna møkkavær i romjula vart nissemarsjen først arrangert 5.januar. 54 deltakarar møtte opp denne praktfulle vinterdagen, gjekk marsjen frå Eivindviksvingen via Øvre stølen, Prestesundet og tilbake. Etter endt marsj venta det varm kakao og pepperkaker på alle deltakarane. Sjå bilete nedanfor!
Hiv deg rundt, ta med borna dine og still opp på nissemarsj søndag 5.januar kl 16.30! Marsjen startar og sluttar ved buss-skuret i Eivindvik-svingen. Faklar vert utdelt til dei som ynskjer, vi serverer pepperkaker og kakao etter målgang.
Eivindvik IL satsar i staden på å gjennomføre marsjen første godværshelg i 2025. Vi kjem attende med dato og klokkeslett snarast råd!
Trimgruppa i Eivindvik IL nominerte i år Tove Rutledal til den gjeve Gulatingsprisen for 2024. Ho er opphavskvinne og mangeårig ansvarleg for fjelltrimmen i krinsen vår samt opparbeiding og vedlikehald av eit fantastisk løypenett. Ei høgst fortent utmerking, og stor stas for alle oss i Eivindvik IL! Under kan de lese nominasjonsbrevet Trimgruppa sendte inn til kommunen: