Undervegs i konkurransen vart det teke ein god del bilete, både av laga sjølve og av fotografar vi hadde utplassert. Her kjem eit utval av desse bileta. Enkelte lag var flinke til å fotografere, andre har vi svært få bilete av.
Fotograf Ingrid Hellwege Haveland nytta tida godt før konkurransestart og fekk alle 20 lag til å stille opp for lagfotografering.
20 spente lag stilte til start i årets konkurranse, nokre med svært fantasifulle antrekk medan andre hadde lagt alt fokus på komfort og konkurranseaspektet.
Startskotet går kl 11.00, oppmøte seinast kl 10. Følg med undervegs ved å bruke linkane under:
Nesten 15 lag er påmeldt i dameklassen, påmeldinga i mix- og herreklassen er så langt svært dårleg. Det er tid for menn i alle aldrar å finne fram kompisen, kona eller dama si og sende oss påmeldingsmail til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. !
Eivindvik Challenge 2024 nærmar seg med stormskritt, ein god del lag har allerede meldt seg på. Ikkje bli for sein, finn påmeldingsinfoen under og hiv deg rundt du og!
Ole Indrebø har teke på seg å renovere Bukkene Bruse- brua mellom Vassverket og Rimmane. I den samanheng treng han hjelp til å få materialen opp. Han og Gunn har bore alt til krysset Dagsturhytta/Rimmane. Kan nokon bære det vidare bort/opp til brua snarast? Oppboren material kan leggast fint attmed materialen som allereie ligg der.
Totalt 73 personar greidde poengkravet i årets vintertrim. Nytt av året er at diplomar heretter kun vert delt ut til dei som har klart kravet og er i aldersgruppa 0 år t.o.m. 10.klasse. Sjå vinnarar av ekstrakonkurransane inni artikkelen!