Øvst oppe på nettsida finn de no viktige arrangementsdatoar for 2024. Meir utfyllande informasjon kjem på nettsida/Facebook når det enkelte arrangementet nærmar seg.
Har du lyst å bidra til å skape eit allsidig treningstilbod for born og unge i skulekrinsen? Gulen idrettsråd inviterar nok ein gong til "Barneidrettstrenar-kurs" for alle medlemmar av idrettslag i Gulen. EIL sponsar deltakaravgifta for alle våre som melder seg på.Sjå info om kurset og påmeldingsfrist i artikkelen!
Seminaret er ope og aktuelt for alle, uavhengig av rolle i EIL. Føresette, ungdom over 14 år, tilsette i skule/barnehage/SFO, her vil de lære mykje som de kan ta med dykk vidare i livet. Vi treng fleire deltakarar, gjer noko med det og meld deg på til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Påmeldingsfrist kommande fredag!
Foredraget skal gje trenarar og idrettslag auka kunnskap om forebygging av seksuelle overgrep og trakassering mot born, komme med retningslinjer om kva ein gjer om ein mistenker noko slikt og gje idrettslaget verktøy til å skape eit sikkert og trygt miljø i klubben. Foredraget er ope for andre, sjå plakaten inne i artikkelen. Der finn de og påmeldingsinfo.
Eivindvik idrettslag har i ei årrekke hatt ein avtale med Gulen kommune om vedlikehald av 5 turstiar knytt opp mot Kystarv-prosjektet til HAFS-kommunane Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Solund og Gulen.
49 bygdefolk i alle aldrar og to firbeinte følgjesveinar deltok på årets utgåve av Nissemarsjen. Dette må seiast å vere særs bra oppmøte etter at marsjen vart flytta frå torsdag til laurdag på kort varsel.
Grunna fare for mykje nedbør og vind kommande torsdag, har idrettslaget bestemt seg for å utsette årets nissemarsj til laurdag 30.desember kl 17. Del gjerne informasjonen vidare!
Vi startar ved buss-skuret nedanfor Bjelde-huset som vanleg, møt opp i god tid og ta på varme,gode klede. Dei som ynskjer får tildelt faklar, når ein får tent desse går vi i samla flokk rundt Øvre stølen, Prestesundet og deretter attende. Det vert servert kakao og pepperkaker ved målgang. Kom og bli med!
Anton og Hanna gjennomfører i dag siste aikido-treninga før jul. Dei held treninga i mediateket til vanleg tid.