Trimgruppa har no gått gjennom alle Georeg-registreringane i årets sommartrim, finstudert kven som har vore på kva slags toppar og plukka ut dei som var kvalifisert til å vere med i trekninga av ekstrakonkurransane.
Det nærmar seg 1.november og starten på vintertrimmen. Sommartrimmen vert avslutta 31.oktober. Dersom det er nokon som planlegg å levere inn poengskjema på papir, ver venleg å gje leiar i trimgruppa, Sandra Skutvik, ei melding før 1.november(skjemaet treng ikkje leverast inn innan 1.november).
Dersom det ikkje kjem melding om bruk av papirskjema, så kan trimgruppa starte arbeidet med å sortere sommartrimpoenga i starten av november.
Vintertrimmen startar 1.november kl 00.00.01. Under ser du krava for å vere med i premietrekninga av ekstrakonkurransane:
Vinteren står for døra, og idrettslaget avsluttar difor sommartrimsesongen 31.oktober kl 23.59.59. Dei som kjempar iherdig for å klare kravet i sine klassar har dermed no berre 18 dagar igjen på å nå målet. Aktuelle klassar og krav finn de under i artikkelen.
Vestland idrettskrets arrangerer Barneidrettstrenar-kurs i Førde 25.-26. oktober. Er nokre av medlemmane våre interesserte i å delta? NB! Påmeldingsfrist 20.oktober! Les meir om kurset og meld deg på her:
https://www.idrettsforbundet.no/idrettskrets/vestland/kurs/barneidrettstrenar/
Eivindvik IL la opp til ein stor fotballfest på Eivindvik stadion 31.august, men vi ser oss diverre no nøydde til å avlyse arrangementet grunna manglande antal påmeldingar. Vi prøver til att neste år, og beklagar til alle born som hadde gledd seg.
EIL mottok i år kr 5 000 frå Gulen kommune til innkjøp av ryddeutstyr. Om nokre av dykk vil hjelpe oss med rydding av stiar i området, kan maskina på biletet lånast ut. Den står hos Gunn Birknes, kontakt ho på tlf 48 21 90 20 om de vil hjelpe til!
Filmen med bilete frå konkurransen, inkludert tidlegare upubliserte bilete, er no å finne på Youtube-kanalen vår.
Ole Indrebø og Gunn Birknes har i juni erstatta den gamle "Bukkene Bruse"- brua mellom Vassverket og Rimmane med ei splitter ny bru! Idrettslaget takkar så mykje for dugnadsarbeidet! Takk og til dei som var med og bar materialen på plass!