Pin It

Medlemspengar Eivindvik Idrettslag

 

Alle som deltek på aktivitetar/treningar i regi av idrettslaget skal betale medlemspengar.   
Ver obs på at ved fylte 18 år, fell ein utanfor eit evt. familiemedlemsskap.
Ein må i tillegg vere medlem for å motta fjelltrim-medalje.

Kven kan betale?

Alle som ynskjer, kan betale medlemspengar til idrettslaget. Medlemspengane er svært viktig for å halde laget gåande, så sjølv om ein ikkje nødvendigvis nytter seg av tilboda til idrettslaget, set vi pris på at du støttar oss slik at andre får glede av desse!

Kva vert pengane brukt til?

·     Drift og vedlikehald av idrettsbane og bruk av gymsalen

·      Ulike arrangement som t.d. fotballturnering for vaksne og
«Ta sjansen!»

                                   ·     Innkjøp av ymse utstyr til gymsal/idrettsbane, friidrett, medaljar, postkassar og ryddeutstyr til fjelltrimmen

·    Deltakaravgifter når medlemmer deltek på stevner og cup.

 

 

 Vi vonar derfor at alle er positive til å betale medlemspengar, og set pris på den innsatsen alle i idrettslaget gjer. Nokon er trenarar, andre passar på grasbana. Nokon ryddar stiar mens andre har ansvar for arrangement. Alt dette gjer at vi får det til å gå rundt!

 

Idrettslaget leverar ut giroar for betaling av medlemspengar i alle postkassar rundt mars - april kvart år. Prisen på eit familiemedlemskap er for tida kr. 400, enkeltmedlemskap kostar kr. 200.-.

Hugs å skrive alder/årstal på ungane når de betaler. Vi treng dette i samband med medlemsregistrering til idrettsforbundet og fjelltrimregistrering!

Ynskjer de å betale medlemskap eller donasjonar utanom tida for utsending av giroar, kan de gjere det til konto 3817.20.02266. Det er då særs viktig at de merkar med kva innbetalinga gjeld. Ved teikning av medlemskap må vi vite kva år det gjeld.

 

 

NB!!!

I løpet av 2017 vil idrettslaget starte opp ei ny nettside, www.eivindvikidrettslag.no. Her vil vi mellom anna legge ut bilete frå arrangementa våre. Vi treng tilbakemelding frå dei som ikkje ynskjer disponering. Her er litt  informasjon om korleis du reserverar deg mot at bilete av deg eller din familie vert lagt ut

 

 

 

                                                       www.eivindvikidrettslag.no

 

Ny nettside; korleis reservere deg mot bruk av bilete av deg eller barna dine

 

 

Idrettslaget vil i løpet av 2017 opprette ei ny nettside, adressa vil vere eivindvikidrettslag.no. Nettsida er ei betal-side, og det vil koste idrettslaget ca eitt tusen kroner i året å leige dette domenet.

 

Idrettslaget har fått Igor Misic til å opprette denne sida, og han har sagt seg villig til å vere web-ansvarleg på ubestemt tid.

 

Sida vil innehalde litt historikk rundt laget, info om dei forskjellige nemndene, informasjon om ymse arrangement og aktuelle nyhende. Det vil på sikt og bli mogeleg å legge ut linkar mot t.d. Youtube- videoar, Twitter, Instagram og Facebook.

 

Idrettslaget har vore i kontakt med Idrettsforbundet for assistanse når det gjeld publisering av bilete av privatpersonar og barn på nett. Her er det eit strengt regelverk å forholde seg til. På adressa https://www.datatilsynet.no/Sektor/Skole-barn-unge/Bilder-pa-nett/ står det ei oversikt over kva ein må ta omsyn til før publisering.

 

Idrettsforbundet meinte det var enklast for oss om vi tok dette opp i samband med utsending av medlemskontingent kvart år. I staden for eit samtykkeskjema, vil vi be om at alle som ikkje ynskjer disponering av seg sjølv eller familiemedlemmar på idrettslaget si heimeside om å gje beskjed til idrettslaget om dette. Bilete lagt ut på nett blir i all hovudsak situasjonsbilete frå ymse arrangement, der aktiviteten er hovudfokus. Ein vil ikkje vise bilete av barn i pinsame situasjonar, det vere seg lettkledde bilete eller situasjonar som kan opplevast som krenkande. Viss ein vil legge ut portrettbilete, vil idrettslaget alltid kontakte føresette for godkjenning.

 

Når du betalar kontingenten, godtek du samstundes at idrettslaget kan publisere bilete av deg og dine barn i situasjonar som skildra ovanfor. Viss du ikkje ynskjer slik publisering kan du kontakte nestleiar i idrettslaget ,Kjetil Rutledal, på mail Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller tlf 99263363

 

 

For styret i EIL;

Kjetil Rutledal

Nestleiar

 

 

 

Pin It
Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com