Turstien mellom sjukeheimen og Haugane er enno ikkje godkjent av Statsforvaltaren grunna misnøye med utforminga av området der stien går gjennom steinmuren på Haugane.
Les meir: Utbetring av tursti gjort 24/4, von om godkjenning frå Statforvaltaren!
Då har endeleg brua på turstien mellom sjukeheimen og Haugane fått ferdigstilt rekkverk. Idrettslaget rettar ei stor takk til Gaute Haveland som med assistanse av far Geir har gjort denne jobben på dugnad!
Det har gått ei stund sidan taket på gapahuken vart sådd, og som de kan sjå frå dagens blinkskot har graset no kome fint opp. Legg og merke til den flotte benken som er plassert på nedsida.
På oppdrag frå saniteten og idrettslaget har Sindre Indrebø, med litt hjelp(kanskje av nær familie?), bygd og beisa ferdig to benkesett med bord som skal stå ved Stølsløkka ballbinge. Idrettslaget takkar Eivindvik Gulen Sanitetslag for den flotte gåva, og vi vonar benkane fell i smak blant alle føresette som no kan få kvilt beina litt medan avkommet spinn rundt på kunstgraset.
Idrettslaget har tidlegare gått ut med informasjon om at ein ville få sett opp rekkverk over brua ovanfor sjukeheimen. Takka vere ei uvanleg stor dugnadsglede har Gaute Haveland no på eigahand påteke seg ansvaret med å få rekkverket opp. Han har kome godt i gang, og rekkverket vert ferdigstilt i løpet av nokre veker.