Heile 14 3.- og 4.klassingar representerte Eivindvik IL på Dalsøyra i dag. Vi stilte to gode lag som slo godt frå seg og hadde det veldig kjekt. Pølser,kaker og brus gjekk ned på høgkant mellom slaga. Ein fin gjeng som vi håpar held saman i mange år framover!
Frå og med mandag neste veke set idrettslaget i gang att med fotballtrening for dei minste skuleklassane, dvs 1. til og med 4. klasse.
Les meir: Eivindvik IL tek opp att fotballtrening for 1.-4. klasse!
Mandag denne veka starta Kjetil Hantveit opp fotballtrening for gutar og jenter i aldersgruppa 5.-8.klasse. Treningane vil vere vekselvis ute og inne kvar mandag frå 19-20.30. Bli med!!
Årets utgåve av fotballturneringa vert avlyst grunna for få påmeldte lag. Det har vore ein trend med færre og færre lag dei siste åra, og i år meldte berre fire herrelag og eitt damelag seg på.