
22.august kl 11 går startskotet for årets Eivindvik Challenge. I denne artikkelen finn du utfyllande informasjon om arrangementet, mellom anna påmeldingsinformasjon, konkurransereglar og krav til innlevert samtykkeskjema for deltakarar under 18 år. NB! Påmeldingsfristen er 15.august!

Årets motbakkeløp vart denne gongen ei våt oppleving. Likevel stilte 15 til start i konkurranseklassen, like mange tok turen opp på Vassverket for å heie deltakarane i mål. Stemninga var som vanleg framifrå!

Laurdag skipar vi til vårt tradisjonsrike motbakkeløp mellom Prestekaia og Vassverket nok ein gong. Oppmøte i vegen ovanfor kaia for påmelding og utdeling av startnummer seinast 11.40!

Det var god respons på namnekonkurransen vår, rundt 25 forslag vart sendt inn. Etter drøfting i styret fall valget til slutt på Margrethe Skåden sitt treffande forslag "Småkvila". Namneskilt skal komme opp med tid og stunder, takk til alle som deltok!

Den tradisjonsrike 1.mai-turen, i år i samarbeid med Barnas Turlag, gjekk i dag av stabelen med eit nydeleg vårvær som ramme.

Vi har no fått sett over Georeg-listene etter vintertrimmen, og blant dei som klarte kravet for ekstrakonkurransane i dei forskjellige klassane vart fylgjande vinnarar trekte ut:

Ein av postane klasse 0-6 år skulle gå til for å vere med i sommartrimmens ekstrakonkurranse, var Florrinden(Tveita). Turgåarar har varsla oss om at denne posten er vanskeleg å gå og dårleg merka. Florrinden vert difor erstatta med Stemma i ekstrakonkurransen.

Erling Fivelsdal og Kåre Tveit har produsert nok eit forseggjort stykke trearbeid til gode for alle turgåarar i bygda vår. Sittebenken med overbygd tak er plassert like ved Karibenken, på toppen av Prestegardsstien mot Sollibotn.