
Det har i lang tid vore eit problem at hundeeigarar ikkje tek med seg etterlatenskapane etter dyra sine når dei nyttar turstien. Både hundebæsj i stien og fleirfoldige fulle hundeposar langs traseen vert innrapportert til oss.

Georeg nullstiller seg ved midnatt, frå i morgon tidleg er vi i gang med vintertrimmen. Sjå sesongens ekstrakonkurransar i artikkelen!

For dei av dykk som ikkje nyttar Georeg til poengteljing, er fristen for innlevering av eigne poengskjema for sommartrimmen 7.november. Skjemaet leverast til Una Prestegaard(Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.)

Gulen kommune sine to arbeidsjern, Erling Fivelsdal og Kåre Tveit, har nok ein gong vore på farten for å utbetre framkomelegheita i nærområdet. Dei har no skifta ut den gamle trappa på veg opp mot Guløytoppen med ei splitter ny ei! Tusen takk!

Fjelltrimmen vert nullstilt ved midnatt 31.okt, vintertrimkonkurransen tek til 1.november. Link til sommartrimmens ekstrakonkurransar finn du her: https://eivindvikidrettslag.no/index.php/idrettar/trimgruppa/94-trimgruppa/539-arets-sommartrimsesong-er-i-gang-her-er-ekstrakonkurransane
![]()
Fotograf Rune Fjæreide stilte opp for oss nok ein gong for å ta lagbilete før konkurransestart. Samtlege lag er fotograferte, bileta finn de i artikkelen.
![]()
I mix- klassen stilte tre lag opp, i herreklassen berre to, medan konkurransen var knallhard i både dame- og kostymeklassen! Samtlege poengsummar og bilete frå sigerspallane finn de nedanfor:
![]()
Laurdag 23.august vart Eivindvik Challenge arrangert for 5.gong. Totalt 14 lag deltok, noko ein kanskje bør seie seg nøgde med med tanke på at det samstundes føregjekk 5 andre arrangement i nærområdet. Det