Foredraget skal gje trenarar og idrettslag auka kunnskap om forebygging av seksuelle overgrep og trakassering mot born, komme med retningslinjer om kva ein gjer om ein mistenker noko slikt og gje idrettslaget verktøy til å skape eit sikkert og trygt miljø i klubben. Foredraget er ope for andre, sjå plakaten inne i artikkelen. Der finn de og påmeldingsinfo.
Eivindvik idrettslag har i ei årrekke hatt ein avtale med Gulen kommune om vedlikehald av 5 turstiar knytt opp mot Kystarv-prosjektet til HAFS-kommunane Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Solund og Gulen.
49 bygdefolk i alle aldrar og to firbeinte følgjesveinar deltok på årets utgåve av Nissemarsjen. Dette må seiast å vere særs bra oppmøte etter at marsjen vart flytta frå torsdag til laurdag på kort varsel.
Grunna fare for mykje nedbør og vind kommande torsdag, har idrettslaget bestemt seg for å utsette årets nissemarsj til laurdag 30.desember kl 17. Del gjerne informasjonen vidare!
Vi startar ved buss-skuret nedanfor Bjelde-huset som vanleg, møt opp i god tid og ta på varme,gode klede. Dei som ynskjer får tildelt faklar, når ein får tent desse går vi i samla flokk rundt Øvre stølen, Prestesundet og deretter attende. Det vert servert kakao og pepperkaker ved målgang. Kom og bli med!
Anton og Hanna gjennomfører i dag siste aikido-treninga før jul. Dei held treninga i mediateket til vanleg tid.
Torsdag 14.desember vert scena sett opp i gymsalen på skulen. Planlagt nedrigging etter juleavslutninga er 20.desember. Treningstilboda våre startar opp att 21. desember.
Den siste stigninga opp til Mikkelfjellet har to ruter; Opp berga ved hjelp av tau eller ruta som går "rundt" berga. I løypa utan tauklatring er det relativt store "steg" ein må forsere for å komme seg oppover mot toppen.
Frå og med årets vintertrim-sesong har styret i trimgruppa vedteke å ta vekk posten på Svabergveten. Det har nyleg gått ras i området, og stien er elles relativt dårleg vedlikehalden. Kun tre registreringar var gjort på posten gjennom heile sommartrim-sesongen.