6 staute, lokale kvinner og ein mann stilte til start for å forsvare idrettslaget si ære. Elise Molde og Veslemøy Dingen valde 5-kilometersløypa, dei andre sprang det 13 kilometer lange hovudløpet frå Byrknes til Skjerjehamn.
Torsdag skjedde det store ting på terrassen utanfor Dagsturhytta. Eit splitter nytt bord med tilhøyrande benkar vart montert ferdig i løpet av nokre timar.
Heile 14 3.- og 4.klassingar representerte Eivindvik IL på Dalsøyra i dag. Vi stilte to gode lag som slo godt frå seg og hadde det veldig kjekt. Pølser,kaker og brus gjekk ned på høgkant mellom slaga. Ein fin gjeng som vi håpar held saman i mange år framover!
Det vert gjort nokre endringar på lista over treningstider i gymsalen frå og med i dag. Aikido vert som nevnt flytta frå onsdag til tysdag, på fredagane startar den kl 18.30. Fotball 3.-5.klasse får no to treningsdagar, det same gjer fotball 6.-10.klasse. Damefotball for vaksne utgår. Sjå alle endringar under fana "Idrettar"
Gulen idrettsråd og Idrettskretsen skipar til Barneidrettstrenar-kurs på Dalsøyra helga 21.-22.oktober. Kurset er kun for medlemmar av idrettslag og går frå 10-17 begge dagar. Nedre aldersgrense for påmelding er 14 år. Les meir i artikkelen!
Ingen klarte kravet i klassen 0-6 år. I klassen 1.-10.klasse var det Hedda Marie Palmer Håvåg som vann, i open klasse gjekk sigeren til Anne Karin Derås Haveland. Premiane er digitale gåvekort på kr 1000 hjå Macron, utstyrsleverandøren vi har avtale med. Link til klubbshopen deira ligg heilt øverst på nettsida. Gåvekorta vert sendt innan kort tid. Gratulerer!
Nokre var med for fyrste gong, andre hadde ein agenda og opptrådde med kjølig eleganse og kanskje litt overdriven tru på eigne evner. Været var framifrå og stemninga jamnt over god, årets Eivindvik Challenge vart ein ubetinga suksess!
Då er videoen frå årets konkurranse ferdig på klipperommet. Sjå ein herleg miks av innsendte bidrag! Takk til Kenneth Kidøy for redigeringsarbeidet.
Sigerspallen vart tapetsert med glade lag kort tid etter målgang. Biletkvaliteten er noko kornete, vi beklagar dette.