Vi startar ved buss-skuret nedanfor Bjelde-huset som vanleg, møt opp i god tid og ta på varme,gode klede. Dei som ynskjer får tildelt faklar, når ein får tent desse går vi i samla flokk rundt Øvre stølen, Prestesundet og deretter attende. Det vert servert kakao og pepperkaker ved målgang. Kom og bli med!
Anton og Hanna gjennomfører i dag siste aikido-treninga før jul. Dei held treninga i mediateket til vanleg tid.
Torsdag 14.desember vert scena sett opp i gymsalen på skulen. Planlagt nedrigging etter juleavslutninga er 20.desember. Treningstilboda våre startar opp att 21. desember.
Den siste stigninga opp til Mikkelfjellet har to ruter; Opp berga ved hjelp av tau eller ruta som går "rundt" berga. I løypa utan tauklatring er det relativt store "steg" ein må forsere for å komme seg oppover mot toppen.
Frå og med årets vintertrim-sesong har styret i trimgruppa vedteke å ta vekk posten på Svabergveten. Det har nyleg gått ras i området, og stien er elles relativt dårleg vedlikehalden. Kun tre registreringar var gjort på posten gjennom heile sommartrim-sesongen.
Trimgruppa har no fått telt opp poeng frå årets sommartrimsesong, i samband med det trekte dei og alle ekstrakonkurransane som pågjekk samstundes. Vinnarane i kvar klasse mottek eit gåvekort på kr 1000,- hjå XXL, namna deira finn de nedanfor i artikkelen.
I løpet av dei siste dagane har alle fire innvendige veggar i den flotte gapahuken langs turstien vorte tilgrisa.
Det har fram til no vore slik at Stølsløkka ballbinge har vorte automatisk lyssett ved hjelp av tidsur. Dette er no endra, slik at ein fysisk må slå PÅ lyset om ein ynskjer lys når ein er der. NB!! Det vert då og kvar enkelt sitt personlege ansvar å slå brytaren AV etter bruk!
Fotballtrening for born i alderen 4-8 år vert frå og med veke 46(neste veke) flytta frå tysdagar til torsdagar kl 17.00-18.00. Samstundes vert Aikido-treninga tysdagar flytta fram ein halv time, slik at borna trenar frå 17.30 til 18.30 og dei vaksne frå 18.30 til 19.30. Endringane vert gjort for å unngå kollisjon med skytetreninga same dag.