49 bygdefolk i alle aldrar og to firbeinte følgjesveinar deltok på årets utgåve av Nissemarsjen. Dette må seiast å vere særs bra oppmøte etter at marsjen vart flytta frå torsdag til laurdag på kort varsel.
Grunna fare for mykje nedbør og vind kommande torsdag, har idrettslaget bestemt seg for å utsette årets nissemarsj til laurdag 30.desember kl 17. Del gjerne informasjonen vidare!
Vi startar ved buss-skuret nedanfor Bjelde-huset som vanleg, møt opp i god tid og ta på varme,gode klede. Dei som ynskjer får tildelt faklar, når ein får tent desse går vi i samla flokk rundt Øvre stølen, Prestesundet og deretter attende. Det vert servert kakao og pepperkaker ved målgang. Kom og bli med!
Anton og Hanna gjennomfører i dag siste aikido-treninga før jul. Dei held treninga i mediateket til vanleg tid.
Torsdag 14.desember vert scena sett opp i gymsalen på skulen. Planlagt nedrigging etter juleavslutninga er 20.desember. Treningstilboda våre startar opp att 21. desember.
Den siste stigninga opp til Mikkelfjellet har to ruter; Opp berga ved hjelp av tau eller ruta som går "rundt" berga. I løypa utan tauklatring er det relativt store "steg" ein må forsere for å komme seg oppover mot toppen.
Frå og med årets vintertrim-sesong har styret i trimgruppa vedteke å ta vekk posten på Svabergveten. Det har nyleg gått ras i området, og stien er elles relativt dårleg vedlikehalden. Kun tre registreringar var gjort på posten gjennom heile sommartrim-sesongen.
Trimgruppa har no fått telt opp poeng frå årets sommartrimsesong, i samband med det trekte dei og alle ekstrakonkurransane som pågjekk samstundes. Vinnarane i kvar klasse mottek eit gåvekort på kr 1000,- hjå XXL, namna deira finn de nedanfor i artikkelen.
I løpet av dei siste dagane har alle fire innvendige veggar i den flotte gapahuken langs turstien vorte tilgrisa.