Idrettslaget har siste tida jobba med å rydde vegetasjon i og rundt Frisbeegolf-bana som ligg i tilknytning til Prestegardsstien. Det er då fortvilande å sjå kor mykje hundebæsj som ligg langs stien, dvs inne på bana, og som gjer det utriveleg å ferdast der. Vi ber alle hundeeigarar ta med seg etterlatenskapane til hunden sin og kvitte seg med det andre stader!
Idrettslaget startar i dag utsending av faktura for medlemskontingent i 2023. Utsendinga inneber at ein mottek påminning og link til faktura via forskjellige kanalar, t.d. sms, epost eller ved at faktura kjem rett i nettbank eller via Vipps.
Akkurat idet ein trudde den gode, gamle, asfalterte tennisbana på Eivindvik stadion var moden for skraphaugen, fekk eit sjølvutnemd dugnadslag for seg at det ville vere altfor gale.
Perfekt løpsvær og flotte løypeforhold til trass- berre 14 deltakarar drog på seg startnummer og sprang på tid til toppen denne laurdagen. 18 deltok i "turklassen".
Årets utgåve av Vassverket Opp har fått dato og klokkeslett. Kven som helst kan delta, ein vel sjølv om ein vil delta i konkurranseklassen eller berre rusle opp og ta det som ein flott spasertur.
42 born, ungdommar og vaksne stilte opp for å gå idrettslaget sin tradisjonelle 1.mai-tur måndag denne veka. Sjå biletserie i artikkelen!
Årets felles 1.mai-tur startar frå Krossteigen kl12. Hovedruta går via Vassverket, Stormyra, Rimmane til "Karibenken" og avsluttast i byggefeltet. Det er fullt mogeleg å "hoppe av" eller velge andre stiar undervegs. Turen passar alle årsklassar, hugs niste og godt med drikke!
Idrettslaget ynskjer å få ferdigstilt frisbeegolf-bana no i vår. Vi treng DI hjelp for å komme i mål. Ta med deg grapse, spade, jernrive og ei god bøtte og møt opp kl 10 søndag 23/4. Kva som må gjerast ser du lenger nede i artikkelen.
Georeg vert nullstilt ved midnatt og vi er klare for ein ny sesong med sommartrim. Som vanleg vel vi å køyre ekstrakonkurransar for både gammal og ung i håp om at det vil trekke fleire ut i den vakre naturen vår.