EIVINDVIK CUP 31.AUGUST

BLI MEDLEM: medlemskap.nif.no                              Trenings tider

Pin It

14 deltakarar stilte til start i konkurranseklassen av årets Vassverket Opp, gledeleg nok deltok heile 9 av dei i guteklassen. Jenteklassen var i år som i fjor diverre utan ein einaste deltakar.

For fleire av gutane, mellom anna desse tre, vart konkurransen brukt som oppvarming til seriekamp i fotball mot Fedje berre ein time etter løpsstart. Imponerande!

I tillegg til konkurranseklassen hadde vi og ein eigen turklasse for dei som ynskte å nå toppen utan å få blodsmak i munnen. Totalt 20 personar skreiv seg på i denne klassen, under ser de nokre blinkskot tekne undervegs av denne gruppa.

Når dei fleste turgåarane hadde kome seg til topps og var klare for heiing og jubelrop, starta konkurranseklassen. Vi har diverre ikkje bilete av alle deltakarane, men mange av dei vart knipsa undervegs i løypa.

På toppen samla det seg ein fin mix av turgåarar og løparar, praten gjekk om både laust og fast før ein returnerte til startområdet ved Prestekaia for utdeling av premiar.

 

RESULTATLISTE ALLE KLASSAR:

 

GUTAR(0-16 ÅR):

1. Jakop Leknes 4 min, 39 sek
2. Nikolai Skutvik 6 min, 34 sek
3. Ole Elias Høydal 7 min, 14 sek
4. Noah Rutledal 7 min, 24 sek
5. Viljar M. Østerbø 7 min, 55 sek
6. Askil Skutvik 8 min, 36 sek
7. Jonas Vilsvik 8 min, 59 sek
8. Markus Vilsvik 10 min, 1 sek
9. Vlad Guruyev 12 min, 2 sek

MENN:

1. Stig Sævareid 5 min, 48 sek

KVINNER:

1. Sandra Sofi Skutvik 5 min, 54 sek
2. Una Prestegaard 6 min, 18 sek
3. Hannah A. Rutledal 6 min, 33 sek
4. Anne-Britt Molde 7 min, 55 sek

 

I startområdet vart det rigga til premieutdeling når alle deltakarar var nedkomne.

Samtlege deltakarar, både i konkurranseklassen og blant turgåarane, var dessutan med i trekninga av to fruktkorger sponsa av Spar Eivindvik. Vinnarane av desse premiane vart Jakop Leknes og Nina Kolås Rutledal. Sidan ingen deltok i jenteklassen, vart premien derfrå og trekt på startnummer. Vinnaren av eit minikubb-spel vart Markus Vilsvik.

 

 

 

 

 

 

 

 

Pin It

Vår Facebook

Plain Style

Test

Plain Style

Test

Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com