Kvart år i juni månad arrangerer idrettslaget turnering i 7-arfotball for kvinner og menn. Turneringa startar med eit innleiande puljespel, før ein avsluttar med semifinalar og finalar i begge klassane.
Kampane vert spelt på to baner, og ein kamp varer 2 x 12 minutt. I semifinalar og finalar vil kampane gå direkte til straffespark-konkurranse ved uavgjort etter full tid.
Deltakarlaga stiller med dommarar til kampane. Påmeldingsavgift er kr 50 pr spelar.
Vinnarlaga får pokal og fruktkorg, samt lagbilete på nettsida til idrettslaget.
På kvelden arrangerer idrettslaget dans med levande musikk i ungdomshuset Vårtun"
Seint men likevel godt- her kjem referatet frå barneturneringa idrettslaget arrangerte på idrettsbana 14.juni. Fantastisk vær, is i kiosken, mange lag og store mengder skuelystne laga ei perfekt ramme. Mange bilete i artikkelen!
Les meir: Eivindvik Cup 2025- Ein fantastisk fest for store og små!
11 lag er påmelde til årets cup. Det vert eiga turnering for 1./2.klasse, 3./4.klasse og 5./6.klasse. Mykje fin fotball å sjå fram til, værmeldinga er god og is/brus handla inn i store mengder. Kom og bli med på festen!
Lørdag 17.juni kl 11 startar årets Eivindvik Cup opp. Nytt av året er at deltakarlaga no er i aldersgruppa 1.-4. klasse, noko som er naturleg grunna svært låg deltaking på seinare års vaksencupar. Rett etter turneringsslutt, ca kl 14, kan vi i tillegg freiste med toppoppgjer i J17 2.div mellom Gulen FK og Kvernbit!
Les meir: Eivindvik Cup 2023 - kom til idrettsbana og sjå ekte idrettsglede!
Sommaren velsigna oss med perfekte rammer for årets cup. Mellom 150 og 250 born og vaksne tok turen til Eivindvik stadion for å nyte finværet, gladfotball og det sosiale samværet ei slik turnering legg opp til. Sjå bilete i artikkelen!
Les meir: Eivindvik Cup 2023 gjekk av stabelen laurdag - Finvær, is og engasjerte born og vaksne!