EIVINDVIK-CUP PÅ IDRETTSBANA

 

Kvart år i juni månad arrangerer idrettslaget turnering i 7-arfotball for kvinner og menn. Turneringa startar med eit innleiande puljespel, før ein avsluttar med semifinalar og finalar i begge klassane.

Kampane vert spelt på to baner, og ein kamp varer 2 x 12 minutt. I semifinalar og finalar vil kampane gå direkte til straffespark-konkurranse ved uavgjort etter full tid.

Deltakarlaga stiller med dommarar til kampane. Påmeldingsavgift er kr 50 pr spelar.

Vinnarlaga får pokal og fruktkorg, samt lagbilete på nettsida til idrettslaget.

 

På kvelden arrangerer idrettslaget dans med levande musikk i ungdomshuset Vårtun"

Pin It

Årets Eivindvik cup i 7ar-fotball for kvinner og menn går av stabelen 3.juni i år. Som dei seinare åra blir det arrangert dans på kvelden, i år har vi vore heldige og fått Barbette(Kjell Reigstad og Anne Hauge) til å spele.

Kampane startar kl 11, vi oppmodar påmelde lag å stille seinast 10.30.

Avhengig av antal påmelde lag, planlegg vi finalar rundt kl 16.

Det blir først puljespel, deretter semifinalar og finalar. I sluttspelet vil kampar som endar uavgjort bli avgjort på straffesparkkonkurranse.

Påmeldingsavgift er kr 50 pr spelar, betalast i sekretariatet snarast råd på kampdagen. Laga betalar samla!

Kiosken er open, og her kan ein kjøpe ymse forfriskningar under heile turneringa.

 

Er du/de interessert?

Meld på lag til Signe Flolid på tlf 91314142.

 

Vel møtt!!

Save

Pin It
Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com