EIVINDVIK-CUP PÅ IDRETTSBANA

 

Kvart år i juni månad arrangerer idrettslaget turnering i 7-arfotball for kvinner og menn. Turneringa startar med eit innleiande puljespel, før ein avsluttar med semifinalar og finalar i begge klassane.

Kampane vert spelt på to baner, og ein kamp varer 2 x 12 minutt. I semifinalar og finalar vil kampane gå direkte til straffespark-konkurranse ved uavgjort etter full tid.

Deltakarlaga stiller med dommarar til kampane. Påmeldingsavgift er kr 50 pr spelar.

Vinnarlaga får pokal og fruktkorg, samt lagbilete på nettsida til idrettslaget.

 

På kvelden arrangerer idrettslaget dans med levande musikk i ungdomshuset Vårtun"

Pin It

Laurdag 22.juni kl 11 går årets Eivindvik Cup av stabelen på idrettsbana i Eivindvik. Dette blir ein kjekk og sosial samankomst for barn og vaksne i alle aldrar. Her fylgjer litt informasjon om arrangementet:

- Ein dame- og ein herreklasse

- 7 spelarar på kvart lag

- Kampane varer i 2 x 12 minutt

- Ungdomsskuleelevar kan delta, men det må vere minimum to spelarar over 16 år på bana for kvart lag

- Deltakaravgifta er kr 50,- pr spelar. Alle lag fyller ut ei spelarliste og betalar samla før laget sin første kamp.

- Max 10 lag pr klasse(dame/herre)

- Kvart lag stiller med ein eller fleire personar som kan dømme andre lag sine kampar

- Laga bør vere på idrettsbana kl 10.30 seinast, to kampar startar kl 11.00.

- Påmelding seinast 16.juni til Margrethe T. Trædal, tlf 90872995

 

Det vert sal av drikke og snacks i kiosken under heile arrangementet.

 

Vel møtt!

 

Pin It
Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com