EIVINDVIK-CUP PÅ IDRETTSBANA

 

Kvart år i juni månad arrangerer idrettslaget turnering i 7-arfotball for kvinner og menn. Turneringa startar med eit innleiande puljespel, før ein avsluttar med semifinalar og finalar i begge klassane.

Kampane vert spelt på to baner, og ein kamp varer 2 x 12 minutt. I semifinalar og finalar vil kampane gå direkte til straffespark-konkurranse ved uavgjort etter full tid.

Deltakarlaga stiller med dommarar til kampane. Påmeldingsavgift er kr 50 pr spelar.

Vinnarlaga får pokal og fruktkorg, samt lagbilete på nettsida til idrettslaget.

 

På kvelden arrangerer idrettslaget dans med levande musikk i ungdomshuset Vårtun"

Pin It

           Årets cup gjekk for seg i strålandes solskinn 9. juni.
5 herrelagog 3 damelag var påmeldt.
Sigeren gjekk til Youngboys i herreklassen, og i dameklassen var det The Untouchaballs som vann.


Ein lokal junior kamp vart satt opp i år og, då det var ledig banetid til det.
Gulen FK sine G11 jenter mot G12 gutar spelte uavgjort 0-0.

Dansen etter dagens arr. trakk ca.75 innbetalandes gjester.

Pin It
Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com